mandag 22. februar 2010

Når kjem egentlig våren?











Tenk at det måtte komme enda meir snø! No vil vi ha vår!!!! Jammen godt at vinterferien har starta slik at bilen kan få stå godt parkert i snøkave. Her er vi ikkje ute og kjører uten at vi må. Men snømåking slepp vi vel ikkje unna denne gangen heller. Har ein ivrig liten gut som allerede er begynt, han håper nok på litt velfortjent lønn tenker eg.

Nei no ser eg fram til at det kan bli som på disse vårbildene. Imens får vi kose oss så godt vi kan inne med ulike sysler. I dag er det heimelagte rundstykker og kyllingsuppe til middag. Skal bli godt på ein kald og snøfull dag.


Ha ein riktig fine dag alle sammen.


Helsing Margrethe

tirsdag 16. februar 2010

Mine siste prosjekt




Har ikkje sydd så veldig mykje etter jul, men litt har det nå blitt. Har sydd meg ei pute som eg blei ganske fornøgd med. Denne skal eg ha sjølv for ein gang skyld. Har også sydd ei toalettveske ut fra mønsteret "Monas toalettveske". Denne er kjempekjekk og sy, og ikkje alt for vanskelig. Du kan kjøpe mønsteret på

http://www.quiltekroken.no/

Men der er mange prosjekt på gang i hovudet, det gjeld berre å finne tid til å få det gjort. Nokon idèer blir det aldri noko av uansett om ein har tid eller ikkje, og nokon ting får ein absolutt gjort sjølv om ein egentlig ikkje har tid. Sikkert nokon som kjenner seg igjen.


Ha ein fin og kreativ dag!


mandag 8. februar 2010

Trenge litt hjelp!!!!!!!!!

Er så ny i denne bloggverden! Kvifor blir ikkje innlegget mitt likt som på forhåndsvisning når det blir publisert? På forhåndsvis såg forrige innlegg svært bra ut. Når eg publiserer det kjem teksten på ein heilt anna plass og alt blir feil.

Kan nokon hjelpe meg?

Margrethe

Litt vinterstemning


Små fulgespor i snøen ein tidlig morgen








Sjølv om eg lengter etter vår og føler meg ferdig med vinteren, tenkte eg at eg skulle vise dåke nokre bilder med vinterstemning. Bildene er tatt sist veke når snøen atter lava ned. No håper eg at han snart forsvinn. Det blir vel kanskje lenge til neste gang vi kan ha det slik.