søndag 26. september 2010

Orden i øyredobbene

Har ein tenåring i huset som ELSKER øyredobber i alle varianter. Men til mor sin store ergrelse ligg dei overalt i huset. Løysningen blei denne tavla.


Tavla hengte eg opp på badet, og så festa vi øyredobbene på den. No er det ryddigere for mor, og lettere for jenta å finne dei igjen.

Vi blei ganske fornøyde med resultatet.

I helga har vi hatt eit fantastisk sommervær. Har brukt helga til å gjøre klar hagen for vinteren, i håp om å ha litt mindre arbeid til våren. Det er så kjekt å være ute å jobbe, men trur eg egentilig er klar for å sleppe hagearbeid ei stund no. Været var så fint i dag at vi til og med åt middagen på altanen. Det er ikkje så værst i slutten av september. Håper det kjem mange slike fine dager som dette fremover.

Helsing Margrethe

torsdag 2. september 2010

Litt før og etter prosjekt



Min limegrønne periode er definitivt forbi. Men ein kan jo ikkje kaste brukbare ting. Har derfor gått til innkjøp av sinkspray på Europris, og resultata ser dåke her.


Pottene står nå litt meir i stil med min gråbeisa altan, og eg blei kjempe fornøyd.


På stolen har eg brukt vanlig grå spraymaling.


Lysestaken har eg kjøpt på loppemarked for kr 5,-.

Håper dette gav litt inspirasjon til gjenbruk.

Ha ein fine kveld.

Helsing Margrethe

lørdag 17. juli 2010

Jordbær og litt ferie


Har nettopp kommet heim etter 14. dager på Gran Canaria. Litt av ein overgang å komme heim til regn, regn og atter regn.
Godt å ha sol og sommer og sleppe å bry seg om værmeldingen. Late dager med strandliv og mykje god mat og drikke.


Før eg reiste sydde eg meg ein ny duk til jordbærsesongen. Siden eg ikkje har fått tatt den i bruk på altanen, måtte eg dekke på kjøkkenet idag mens eg venta på sola.

"Jordgubbar" skålene er fra Bruka design. Dei kjøpte eg i sverige i fjor sommer.

Kjempegodt med heimelaga ripsbærsaft også.

Har og kjøpt meg ei mugge fra Greengate. Måtte jo ha den når den passa så godt til stoffene.

Har til og med servietter med jordbær på, så nå må det snart bli jordbær-party på altanen!!!!!

Siden det ikkje er fint vær i sikte, kan eg like godt holde på med nokre prosjekt inne. I dag har eg sydd ny gardin til gjestetoalettet. Den skal dåke få sjå seinere ein dag.

Ha ein fine kveld!

Helsing Margrethe