søndag 26. september 2010

Orden i øyredobbene

Har ein tenåring i huset som ELSKER øyredobber i alle varianter. Men til mor sin store ergrelse ligg dei overalt i huset. Løysningen blei denne tavla.


Tavla hengte eg opp på badet, og så festa vi øyredobbene på den. No er det ryddigere for mor, og lettere for jenta å finne dei igjen.

Vi blei ganske fornøyde med resultatet.

I helga har vi hatt eit fantastisk sommervær. Har brukt helga til å gjøre klar hagen for vinteren, i håp om å ha litt mindre arbeid til våren. Det er så kjekt å være ute å jobbe, men trur eg egentilig er klar for å sleppe hagearbeid ei stund no. Været var så fint i dag at vi til og med åt middagen på altanen. Det er ikkje så værst i slutten av september. Håper det kjem mange slike fine dager som dette fremover.

Helsing Margrethe

torsdag 2. september 2010

Litt før og etter prosjekt



Min limegrønne periode er definitivt forbi. Men ein kan jo ikkje kaste brukbare ting. Har derfor gått til innkjøp av sinkspray på Europris, og resultata ser dåke her.


Pottene står nå litt meir i stil med min gråbeisa altan, og eg blei kjempe fornøyd.


På stolen har eg brukt vanlig grå spraymaling.


Lysestaken har eg kjøpt på loppemarked for kr 5,-.

Håper dette gav litt inspirasjon til gjenbruk.

Ha ein fine kveld.

Helsing Margrethe