tirsdag 15. november 2011

Siste innspurt



Etter ein travel haust med datakræsj og oppussing av nytt syrom, håper eg på å være tilbake med litt blogging. Kom seint i gang, og held no på med siste innspurt til Jul i Rosendal 2011.

Jul i Rosendal skal være helga 2. til 4. desember. Har du ikkje vært med på dette før, anbefaler eg deg å ta turen til Rosendal denne helga.

Du finn meir om dette på:

http://www.julirosendal.no/

Eg kjem til å legge ut bilder i "Lappeributikken" etterkvart som dei er ferdige, slik at dåke kan få sjå kva eg kjem til å ha i bua mi. Klikk på bilde på høgre side i bloggen så kjem du direkte inn i "butikken".

Heldigvis har eg to andre damer med meg i bua, så eg treng ikkje stå for heile produksjonen sjølv.

Håpar du har lyst til å ta turen innom!

Helsing Margrethe

onsdag 10. august 2011

Nytt syrom på gang



Endelig er eg kommet i gang med prosjekt syrom i kjellaren. Eg har hatt "syrom" i mange år, men det har berre vært i ein krok på gjesterommet. Har fungert greitt det, men det hadde jo vært kjekt å ha eit heilt rom for seg sjølv sånn at eg sleppe å rydda kvar gang vi har besøk. Planane har vært der lenge, og no er arbeidet starta. Roterommet i kjellaren skal bli syrom. Veggene er grunna, vindu og dørkarmer er ferdigmalt. No mangler nytt golv og litt maling på veggene.



Har egentlig hatt "sytørke" lenge no, men eg håpar at inspirasjonen kjem tilbake med nytt rom. Kanskje eg får lagt fleire Tilda engler?



Eg satsar på produktivitet når haustmørket set inn, og ein kan sitte inne med god samvittighet. No må eg ut og kjøpe maling til veggene.

Ha ein fine dag!

Helsing Margrethe

fredag 5. august 2011

Prosjekter utenfor

Av ein eller anna merkelig grunn har eg alltid prosjekter på gang. Inne er dei i hopetall, og eg håper å få tatt nokre av dei iløpet av hausten........

Men denne sommaren har vi iallefall fått lagt brustein utenfor huset vårt, og laga ei ny trapp rundt huset. Denne gangen blei innleigd hjelp brukt og alt sto ferdig når vi kom heim frå ferie, genialt. Plutselig hadde vi fått ein heilt ny uteplass å bruke. Forskjellen er enorm. Tidligere var her grus og rot, og nå er alt ryddig og fint!







Slik som prosjekt vanligvis gjer, så blei det kjøp av nye hagemøbler og litt potter og planter......



Fleire enn meg som er glad for plassen......Kan brukes til så mangt.

I dag regner det, så eg får ta fatt på nokre prosjekt inne.....

Ha ein fine dag!

Helsing Margrethe

onsdag 29. juni 2011

Været er herved gitt opp!

Sommaren ser ut til å vente på seg, og lite kan vi gjere med det dessverre. Så no skal eg slutte å sjå på værmeldinga, så får det bli som det blir. Men nokre lysglimt innimellom har vi hatt og eg har fått knipsa litt sommarstemning på altanen.



Den fine kassen under bordet er ein gamal "potetkasse" fra gården der besteforeldra mine budde. Slike skatter er gull verdt!





Bordet har mannen min snikra til meg, så snilt gjort! Det kjem til å bli mykje brukt i sommar.



Endelig har eg fått dei nye hagemøblene mine! No venter eg berre på fint vær så eg kan få brukt dei......



Ein sommar uten "Dronning Ingrid" er ingen skikkelig sommar......

Det eineste positive med det stygge været er at prosjekt innandørs kan bli gjort. Og det er det mange av. Nett no er det nytt syrom som står for tur, så eg har rikelig å fylle dagene med. Håper eg får det ferdig til hausten.......

Helsing Margrethe

fredag 8. april 2011

Hylla er ferdig



Hylla eg kjøpte på loppemarked for nokre veker sidan er endelig ferdig mala og kommet på veggen.




Har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal ha til pynt ennå, men foreløpig ser det ut slik som dette. Er egentlig ganske fornøyd med resultatet. Utrulig kva litt kvitmaling og nye knotter kan gjere.....



Under hylla skrudde eg på tre kroker med hjerte som eg hadde fra før. Kjekt å ha noko å henge litt dill på.

Ha ei fine helg!

Helsing Margrethe

søndag 13. mars 2011

Loppemarked

Våren er tid for loppemarked, og eg synes det er loppemarked nesten kvar helg. Denne helga var eg på loppemarked på lørdag. Det var lite folk når eg kom (sikkert fordi det begynte kl. 10.00), så eg var heldig å få med meg nokre godbiter.



En benk som denne har eg ønska meg i gangen. Fekk han til og med ferdig beisa akkurat slik som dei andre møblane mine i gangen. Det eineste eg måtte gjere var å gje den ein omgang med vaskefilla.



Deretter gjekk turen til Kid for å kjøpe puter. I oppbevaringsrommet under setet skal eg ha veskene mine. Så praktisk!



Tilda engelen min får foreløpig sitte i benken å slappe av.



Skapet og hylla skal males og nye knotter settes på. Resultatet skal dåke få sjå når eg ein gong blir ferdig....





Ha ein fine kveld!

Helsing Margrethe

onsdag 2. februar 2011

Endelig litt inspirasjon

Har hatt det så travelt i det siste at alle prosjekt har blitt utsatt. Men i dag klarte eg endelig å finne litt inspirasjon og kreativitet på fridagen min!



Denne puta kjøpte eg på loppemarked før jul for den nette sum av kr 20,-. Eg veit at mange synes puta er kjempefin slik den er, men det er ikkje akkurat den stilen eg har heime hos meg. Mange kommenterte puta som eg hadde kjøpt, og lurte på kor eg fann den.

Men eg hadde altså andre planer med puta, så idag har eg sydd nytt trekk til den. Har aldri sydd ei rund pute før, så det tok litt tid å finne ut av det. Er ikkje heilt fornøyd med resultatet, men det er vel ikkje så værst til å være første gang. Neste gang veit eg korleis eg skal gjere det uten å måtte rekke opp att (eg hatar å rekke opp).





Puta skal jenta mi få på rommet sitt, for der er det fornying på gang. Har malt veggene, og nå er det tekstiler og stæsj som skal på plass. Trur ho er litt arvelig belasta.

Er det nokon som har lyst på det gamle trekket til puta er det berre å ta kontakt.

Ha ein fine kveld!

Helsing Margrethe