søndag 25. april 2010

Brukt- og antikkmesse på Hamar

Siden eg for tida befinner meg på Lillehammer, benytta eg anledningen til å ta ein tur på brukt- og antikkmesse i Vikingskipet på Hamar. Her var det mykje fint kan dåke tru! Heile hallen var full av boder, og det var både gamle og nye ting å få kjøpt.



Dette bilde er frå den eine sida av hallen, på andre sida var det like mange boder. Her kunne ein gå i mange timer, og stadig sjå noko nytt. Var mange ting eg kunne tenkt meg å kjøpe, men siden eg allerede har ein veldig full koffert og skal med tog og fly så måtte eg stort sett nøye meg med å sjå. Men litt blei det no alikevel. Ting som ikkje veg mykje og ikkje tar stor plass.



Fekk tak i ein såpekopp til å henge på veggen. Ein slik har eg ønska meg lenge! Har så mange ideèr om kor eg kan ha den. Kjøpte og litt gamle blonder og stoff. På den eine blonda står det "Sov vel". Den skal eg bruke på ei pute til soverommet. Kjøpte og ei nydelig såpe.



Litt fleire blonder. Stoffet er nytt. Skal sy pute, veske eller toalettveske. Klør i figrane etter å sette igang.


Fekk også tak i litt håndlaga papir og nokre nydelige engler.



Kjøpte og nokre små bordbrikker. Kr 10,- pr. stk. Men dei også er nye.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar