søndag 25. april 2010

Brukt- og antikkmesse på Hamar

Siden eg for tida befinner meg på Lillehammer, benytta eg anledningen til å ta ein tur på brukt- og antikkmesse i Vikingskipet på Hamar. Her var det mykje fint kan dåke tru! Heile hallen var full av boder, og det var både gamle og nye ting å få kjøpt.



Dette bilde er frå den eine sida av hallen, på andre sida var det like mange boder. Her kunne ein gå i mange timer, og stadig sjå noko nytt. Var mange ting eg kunne tenkt meg å kjøpe, men siden eg allerede har ein veldig full koffert og skal med tog og fly så måtte eg stort sett nøye meg med å sjå. Men litt blei det no alikevel. Ting som ikkje veg mykje og ikkje tar stor plass.



Fekk tak i ein såpekopp til å henge på veggen. Ein slik har eg ønska meg lenge! Har så mange ideèr om kor eg kan ha den. Kjøpte og litt gamle blonder og stoff. På den eine blonda står det "Sov vel". Den skal eg bruke på ei pute til soverommet. Kjøpte og ei nydelig såpe.



Litt fleire blonder. Stoffet er nytt. Skal sy pute, veske eller toalettveske. Klør i figrane etter å sette igang.


Fekk også tak i litt håndlaga papir og nokre nydelige engler.



Kjøpte og nokre små bordbrikker. Kr 10,- pr. stk. Men dei også er nye.

mandag 19. april 2010

Litt shopping og Mai-haugen



Har vært ein tur til Lillehammer sentrum igjen. Oppdaga ein ny hobbybutikk, så då blei det litt med heim denne gangen også. Kjøpte litt stoff, blonder og litt ark. Et søtt lite spann fekk og være med. Når eg kjem heim skal eg sy og lage litt med decoupage. Gleder meg!!!! Det klør i fingrene når eg tenker på det. Det er hardt å være uten symaskina i tre veker. Har vært på hobbyverkstaden her på huset og laga eit skrin, ein koffert og eit lite bilde. Så eg får heldigvis gjort litt kreativt og.

Søndag gjekk turen til Mai-haugen. Her var det utrulig mange fine gamle hus.

Solide tømmervegger dei hadde i gamle dager


Ha ein fine kveld.

Helsing Margrethe

lørdag 10. april 2010

Ny veske og litt shopping

Befinner meg for tida på Lillehammer på rehabilitering. Før eg reiste sydde eg meg ei ny veske til å ha strikketøy i. På veska har eg sydd på et bilde som eg har trykt på lyst stoff. Bruker Panduro sine "Transfer" ark og printer bilder ut på data. Det er veldig enkelt og verd er forsøk.

<
Inni veska har eg laga ei stor lomme som eg igjen har delt i tre. To små rom og et litt større. Passer fint til mobil, nøkler, strikkepinner m.m.

Siden det er lørdag idag har vi fri og god tid til å utforske gågata i Lillhammer. Her var det jammen mykje fine butikker. Har ikkje så god plass i kofferten, men litt småting får eg vel med meg heim. Her er litt av det eg handla.





I morgen skal eg ta meg ein tur på hobby verkstaden her på huset. Kven veit kanskje eg kan få lage noko fint der.

Ha ein fine kveld.

Helsing Margrethe

fredag 9. april 2010

Påskehøner


Når eg tok fram påskepynten min i år synes eg den var litt "gått ut på dato". Kva gjer ein då? Jo ein syr nye høner som passer inn, resultatet kan dåke sjå her.

De små grå hønene er eggevarmere. Har sydd dei med ei lomme under slik at eg kan tre dei over egget. Blir ganske dekorativt på frukostbordet.

Fann også ei gammel vekt på loftet som eg har pynta med litt høner og egg. Og til slutt så laga eg og jenta mi påskeegg med decupagelim, papir, servietter litt band og blonder.

Ha ei fine helg alle sammen!

Helsing Margrethe