søndag 13. mars 2011

Loppemarked

Våren er tid for loppemarked, og eg synes det er loppemarked nesten kvar helg. Denne helga var eg på loppemarked på lørdag. Det var lite folk når eg kom (sikkert fordi det begynte kl. 10.00), så eg var heldig å få med meg nokre godbiter.



En benk som denne har eg ønska meg i gangen. Fekk han til og med ferdig beisa akkurat slik som dei andre møblane mine i gangen. Det eineste eg måtte gjere var å gje den ein omgang med vaskefilla.



Deretter gjekk turen til Kid for å kjøpe puter. I oppbevaringsrommet under setet skal eg ha veskene mine. Så praktisk!



Tilda engelen min får foreløpig sitte i benken å slappe av.



Skapet og hylla skal males og nye knotter settes på. Resultatet skal dåke få sjå når eg ein gong blir ferdig....





Ha ein fine kveld!

Helsing Margrethe

onsdag 2. februar 2011

Endelig litt inspirasjon

Har hatt det så travelt i det siste at alle prosjekt har blitt utsatt. Men i dag klarte eg endelig å finne litt inspirasjon og kreativitet på fridagen min!



Denne puta kjøpte eg på loppemarked før jul for den nette sum av kr 20,-. Eg veit at mange synes puta er kjempefin slik den er, men det er ikkje akkurat den stilen eg har heime hos meg. Mange kommenterte puta som eg hadde kjøpt, og lurte på kor eg fann den.

Men eg hadde altså andre planer med puta, så idag har eg sydd nytt trekk til den. Har aldri sydd ei rund pute før, så det tok litt tid å finne ut av det. Er ikkje heilt fornøyd med resultatet, men det er vel ikkje så værst til å være første gang. Neste gang veit eg korleis eg skal gjere det uten å måtte rekke opp att (eg hatar å rekke opp).





Puta skal jenta mi få på rommet sitt, for der er det fornying på gang. Har malt veggene, og nå er det tekstiler og stæsj som skal på plass. Trur ho er litt arvelig belasta.

Er det nokon som har lyst på det gamle trekket til puta er det berre å ta kontakt.

Ha ein fine kveld!

Helsing Margrethe

søndag 12. desember 2010

Juleputer

Inspirasjon til prosjektene mine henter eg fra mange plasser. Disse putene blei til etter at eg såg ein reportasje i et svensk interiørblad. Såg nokre fine juleputer i ein sofa, og vips så var eg igang. Så no har eg to nye puter til jul!





I morgen er det ei ny veke med nye muligheter, men no begynner det å haste litt med nokre julegaver som må bli ferdig..... Kjenner eg er ein smule stressa.

Ha ein fine kveld.

Margrethe