onsdag 2. februar 2011

Endelig litt inspirasjon

Har hatt det så travelt i det siste at alle prosjekt har blitt utsatt. Men i dag klarte eg endelig å finne litt inspirasjon og kreativitet på fridagen min!



Denne puta kjøpte eg på loppemarked før jul for den nette sum av kr 20,-. Eg veit at mange synes puta er kjempefin slik den er, men det er ikkje akkurat den stilen eg har heime hos meg. Mange kommenterte puta som eg hadde kjøpt, og lurte på kor eg fann den.

Men eg hadde altså andre planer med puta, så idag har eg sydd nytt trekk til den. Har aldri sydd ei rund pute før, så det tok litt tid å finne ut av det. Er ikkje heilt fornøyd med resultatet, men det er vel ikkje så værst til å være første gang. Neste gang veit eg korleis eg skal gjere det uten å måtte rekke opp att (eg hatar å rekke opp).





Puta skal jenta mi få på rommet sitt, for der er det fornying på gang. Har malt veggene, og nå er det tekstiler og stæsj som skal på plass. Trur ho er litt arvelig belasta.

Er det nokon som har lyst på det gamle trekket til puta er det berre å ta kontakt.

Ha ein fine kveld!

Helsing Margrethe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar