torsdag 9. desember 2010

Heldige meg

I dag har eg vært til Stord, og då er eg selvfølgelig innom Fem Høns og Frk. Lande. Denne gangen var eg så heldig at eg kunne få kjøpe "julepresang" til meg sjølv. Alltid vanskelig å velge når du skal få noko, men eg blei veldig fornøyd med valga mine.


Denne mugga har eg ønska meg lenge. Synes den berre er så fiiin!!!


Skåla fekk eg til jul ifjor og det passa jo fint.


Synest nesten eg måtte ha desse serviettene og då.....

Alt dette er kjøpt på Frk. Lande, ein av favorittbutikkene mine. Litt anna "god jul" dill dall blei det og.



Denne fine engleputa kjøpte eg på Fem Høns. Får alltid dårlig samvittiget når eg kjøper puter, eg kan jo sy. Men av og til er det berre så kjekt med "kjøpepute". Dessuten begynner eg å få litt dårlig tid til jul....

Ha ein fortreffelig dag alle sammen!

Margrethe

tirsdag 30. november 2010

Nye produkter i Lappeributikken


Har lagt ut ein del nye produkter i Lappeributikken. Klikk på bilde til høgre så kjem du rett inn i bloggen.

mandag 22. november 2010

Prosjekt gjestetoalett

Som eg har fortalt tidligere er min limegrønne og turkise periode over. På ein måte litt dumt for det er jo så fint med friske farger. Men nett no er eg i ein lys periode, og då måtte eg ha litt forandring på gjestetoalettet også.



Gardina sydde eg når vi flytta inn for fem år sidan. Den er laga i lin, og eg har brukt vannoppløselig stoff for å lage partiet med blomar.



Eit gamalt speil malte eg og.



Men no har eg altså sydd meg ny gardin. Gardina er i lin og eg har trykt et bilde på den og teksten Carpe Diem.



Har og gått til innkjøp av nytt speil og litt pynt, så no synes eg det er blitt litt meir min stil.





Hylla eg kjøpte på loppemarked i vår har fått ny "look". Litt maling og nye knotter, og vips så var den så god som ny.



Ja dette var litt om mitt siste prosjekt. Heretter blir nok prosjekta litt "julete"

Ha ein fine kveld!

Helsing Margrethe